Vanskelig å vite hva du skal stemme på?

Å være velger er ikke så lett! Statsviter og lærer i historie og samfunnskunnskap på Oslo by steinerkole, Steingrímur Njálsson, gir deg gode tips for å stå bedre rustet til å sortere i partijungelen.

Elevane seier ofte at det er vanskeleg å skilja partia frå kvarandre, skriv kronikkforfattaren.

Å vera veljar i eit liberalt demokrati er ikkje så lett. Det vanskelegaste er å finna partiet du skal stemma på.

Ved valet i 2017 bestemde 52 prosent av veljarane seg under valkampen. Heile 27 prosent var så i villreie at dei bestemde seg rett før valet. 8 prosent greidde ikkje å landa på eit parti før sjølve valdagen.

«Det vanskelegaste er å finna partiet du skal stemma på.»

Tidlegare i sommar fortalde nrk.no om Ida på 23 år som vil bruka røysteretten sin, men som ikkje visste kva for parti ho skulle røysta på. Kanskje er dette ei av årsakene til at berre 47 prosent i hennar aldersgruppe røysta ved førre lokalval og at ein tredel av veljarane totalt let vera å stemma?

«Men valomatane kan vera misvisande.»

Som lærar i samfunnskunnskap høyrer eg ofte elevane seie at det er vanskeleg å skilja partia frå kvarandre. Du kan sjølvsagt nytta ein valomat. Men valomatane kan vera misvisande, både fordi alle spørsmål vert sette på spissen og fordi mange viktige spørsmål er utelatne. Etter å ha hjelpt elevar med deira partival i 15 år, har eg utarbeidd ein slags metode, ei liste med ti tips til korleis dei kan gå fram for å finna sitt parti:

1. «The hard way» eller «gamlemåten»: Høyra på debattar, lesa partiprogram og valstoff i avisene, snakka med parti på stand, prata med vener om politikk, mm. Dette krev tid og krefter, men kan føre fram til eit sikkert val.

2. Verdiar og ideologi: Nokon legg mest vekt på grunnleggjande verdiar og ideologi når dei bestemmer seg. Politikk i praksis kan vera så ymse ut frå kva slags kompromiss som vert inngått. Difor kan det vera gode grunnar til å fokusera på dei store spørsmåla og dei lange linene.

3. Tenk lokalt: Haustens val er eit lokalval. Dette vert ikkje alltid reflektert i nasjonale media. Altså, ikkje høyr for mykje på rikspolitikarar denne gongen! Finn heller ut korleis tilhøva er i din kommune. Her kan også media sine valomatar vera misvisande. Til dømes har ikkje politikkområde som «utanriks», «forsvar og beredskap» og «lov og rett» noko å gjera i ein valomat i tilknyting til eit lokalval. Dette er saker som staten rår over, ikkje kommunane. Med andre ord bør du setja deg inn i kva kommunepolitikarane og fylkespolitikarane faktisk rår over.

4. Samarbeid: Alle partia må samarbeida og kompromissa med andre for å få gjennomslag for sin politikk. Sånn sett er det lurt å finna ut kva parti som samarbeider med kven i din kommune. Her kan det vera store skilnader frå rikspolitikken. I Oslo sit Ap i byråd med MDG og SV. I Bergen har Ap regjert saman med KrF og Venstre, medan dei på nasjonalt nivå sit i regjering med Sp.

5. Saker og sakseigarskap: Fokuser meir på saker enn på parti, iallfall til å byrja med. Kva er eg mest opptatt av (hjartesaker), og kva parti syner «eigarskap» til desse sakene? Som sagt er det viktig å vera klar over kva saksområde som er relevante og irrelevante i eit lokalval.

6. Elimineringsmetoden: Du kan også spørja deg sjølv: Kva parti kunne eg absolutt ikkje ha røysta på? Sånn kan du eliminera parti for parti.

7. Negativt fokus: I samband med førre punkt kan ein òg spørja seg sjølv: Kva parti og politikarar vil eg gjerne hindra i å oppnå makt? Kven har eg ikkje tillit til? Dette kan hjelpe oss å luka ut fleire parti.

8. Personfokus: Gjer deg kjend med kandidatane som er øvst på partilistene i din kommune. Korleis tenkjer dei? Kva slags bakgrunn har dei? Kva har dei fått til? Dersom du står mellom to parti, kan personane (kandidatane) avgjera. Hugs at vi i lokalval kan gje personstemmer til kandidatar lenger ned på lista til det partiet vi stemmer på (kumulering), og at vi kan gje ein personstemme til kandidatar frå andre parti som vi har tru på (slengarar).

9. Ris og ros: I val kan vi røysta ut parti og røysta inn andre ut ifrå kva partia og representantane har gjort og ikkje gjort dei siste fire åra. Har dei halde eller brote lovnadane dei gav? Kva har dei prioritert? Eit val bør alltid vere ei evaluering av politikken dei siste fire åra.

10. Slumpetreffets spel: Dersom du framleis er i tvil, men står mellom to eller tre parti, kan du gjera følgande: La slumpetreffet rå! Kanskje synest du dette er uansvarleg og useriøst? Men om du verkeleg ikkje greier å velja mellom to eller fleire parti fordi dei verkar så like, spelar det vel heller ikkje så stor rolle kva for parti du vel. Kast kron og mynt eller trekk ein lapp frå ein «valhatt».

Du vil sannsynlegvis aldri finna eit parti som du er samd med i eitt og alt. Usemje er noko vi ikkje kjem unna i vårt komplekse demokrati; vi må læra oss å leva med ho.

«Ikkje høyr for mykje på rikspolitikarar denne gongen!»

Det viktigaste er å finna ut kva som er meir og kva som er mindre viktig for oss. Dersom du finn ut av dét, trur eg du er eitt steg nærare ditt partival for denne hausten.

Her kan du lese artikkelen på NRKs side:
https://www.nrk.no/ytring/stemmeguiden-1.16455222 

Fant du ikke svaret du søkte etter?

Våre rådgivere er tilgjengelig for deg. Ta kontakt med oss, og spør om det du lurer på.